Siste

Dominion-kveld i Markvegen

20110702-103707.jpg

Moro!

Ineffektivitetens effektivitet

Kvifor skal det vere så fullstendig umogleg å gjere det ein veit at ein burde gjere? Dagane, vekene og månadane rullar forbi, og her sit eg og er omtrent like langt unna fullføring av oppgåva mi som eg var i januar. Januar. Det er tre månader sidan det no. Seks veker med fri, få førelesingar og ein påskeferie har hoppa sin veg. Og det utan at eg har hoppa med. Det er så vidt eg i det heile har røyst meg opp frå sofaen.

No er det under ein månad att til innlevering. Og i løpet av den perioda skal to andre oppgåver også skrivast. Dei seks tusen orda om kolonitid i Afrika kan fort bli eit mareritt for min del. Word kjem til å bli ein slags koloniherre, og eg kjem til å vere slaven. Ein situasjon eg sjølv har det heile og fulle ansvar for å ha hamna i. Det er som om eg er min eigen koloniherre. Ein sær, men sannsynlegvis heilt vanleg situasjon for veldig mange.

Men så er det denne ineffektiviteten. Dess nærare fristar kjem, dess meir liknar ineffktiviteten på konkurrenten sin, nemleg effektiviteten. Det er som om hovudet med eitt klarer meir, som om viljestyrken plutseleg får ny inspirasjon. Det som lenge har vore ein kald og trist vinter blir plutseleg ein varm og solrik vår. Den lange, bekmørke tunellen har plutseleg ei tynn stripe med lys i enden. Og sjølv om ingenting ser ut til å gå vegen for augneblinken, kan ein i det minste håpe på at det går bra også denne gongen.

Det er nok ikkje eit veldig godt teikn at det heller blei ein bloggpost med 400 ord i dag, og ikkje 400 ord om Ghana, Elfenbeinskysten og Liberia, men det er i det minste eit steg på vegen. Det er som om eg tek sats. Hovudet må jo byrje med å produsere eit eller anna, før det igjen kan fungere som ein god og effektiv fabrikk. Eg ser på dette innlegget som førsteutgåva av ein ny hoppesko. Ein hoppesko som nok har sine feil og manglar, men som med tid og stunder skal bli god nok til at eg kjem meg over hinderet eg må forsere for å fullføre studiet mitt. Når fristen kjem skal eg i alle fall ta sats. Så får vi sjå kor høgt eg kjem.

Ha ein god vår, og gi effektiviteten dei skoa den fortener.

Den store ekspedisjonen

Øyvind og Geir Egil har vore på tur. På lang og høg tur. Slikt blir det film av!

 

Tromsø

To timar att i Tromsø. Og kva er konklusjonen, Geir Egil?

- Nei, det viser seg at Verda faktisk er større enn Volda, og at det kan vere artig å besøke henne. Det skal jammen meg bli kortare mellom utfluktene framover!

Har du nokre høgdepunkt frå turen som du ynskjer å trekke fram?

- Nei. Slikt er alltid like vanskeleg, men skituren med ny dagstursekk og dunjakke kan godt nemnast særskilt.

Har du avslutningsvis nokre ord å kome med til dei som ikkje har fått besøkt Tromsø enda?

- Ja. Ta absolutt turen nordover. Det kan bli litt dyrt dersom du absolutt skal insistere på å betale for ein skibag du eigetleg allereie har betalt for i billetten, men utover det treng ikkje økonomien å spele noka særskild rolle. Byen er flott, også i ei veke med konstant kjipt vêr. Det er rett og slett ein vakker stad, sjølv om nordlyset måtte gøyme seg bak skyene denne gongen.

Då seier vi takk til deg, Geir Egil. Det har altså vore ei minnerik veke for sunnmøringen, som for første gong sidan han var fire har vore nord for Trondheim. Sola glimtar til og med til med eit par solstrålar der han går attende til huset på Fagereng. Staden som har vore opphaldstad for karen den siste veka.

Han fortalde meg tidlegare at møtet med to tamreinar på Kvaløya hadde vore artig. Og at han gler seg til å sjå på bileta når han kjem heim. Og med dette seier vi takk for besøket, og ynskjer både han og alle andre velkomen attende ved eit seinare høve.

Takk for alt, og Shit Alabama!

Ut å sjå landet

I morgon dreg eg til Tromsø. Eg ser veldig fram til å bli kjend med ein hittil ukjend by. Det blir fint og endeleg få sjå kvar Oddmar Bror bur. Og med skibagen på flyet kan det hende det til og med blir ein tur i fjellet i styggeveiret som er meldt. Uansett blir det kjekt å vitje ein ny by, og kanskje skal eg til og med driste meg til å blogge litt medan eg er der oppe. Vi får sjå.

Takk for no!

Flau oppsummering

Fekk mail frå WordPress i går. Det var flau lesing. Dei kunne fortelle meg kor lite eg hadde posta på bloggen min det førre året. Fem postar på eit heilt år. Ingen verdens ting å juble for. Men no er det nytt år, nye moglegheiter, nye forsett og nye løfter. Eg skal ikkje byrje med å love gull grøne skogar, men så mykje kan eg seie at dette innlegget blei skrive på telefonen min, og det kan vere eit teikn på at det kanskje går mot lysare tider for bloggen. Færre unnskuldningar for å sleppe å skrive i alle fall. Eg håper i alle høve at ting skal betre seg.

Godt nytt år! Så får vi sjå korleis stoda er etter neste mail frå WordPress.

Kommunefag

Mange månader har gått sidan eg sist satt med bloggen framføre meg. Eg hadde nettopp gjennomført den siste eksamenen i journalistikk, og det var klart for sommarferie. Eit halvt år seinare nærmar nye eksamenar seg. Snøen malar fjelltoppane kvite, og eg byrjar å innsjå at samfunnsvitenskap ikkje heilt er mitt fag. Eller det vil seie: Samfunnsvitskap slik Høgskulen i Volda definerer det, er ikkje heilt mitt fag. Eg visste rett nok at årstudium samfunnsvitskap og førsteåret ved bachelorstudiumet i planlegging og administrasjon var det same, men at både sosiologi og samfunnsgeografi skulle ende opp som reine kommunefag hadde eg ikkje venta.

Det har rett og slett gått så langt at eg byrjar å tvile på om eg eigentleg har nytte av dette året. Blir eg ein betre journalist av å lære alt det er mogleg å lære om kommunar og planlegging? Planen var å få opp det generelle samfunnsforståingsnivået mitt, men det å kunne skrive eit notat til kommunestyret for å få dei til å forstå at det er smart å drive med planlegging, er ikkje heilt det eg var ute etter å lære. Dette er sjølvsagt ikkje meint som eit stikk mot det å bli superflinke kommuneplanleggjarar. Det er berre ikkje heilt det eg hadde planar om å bruke året mitt på.

No skal eg likevel ikkje svartmale heile situasjonen. Eg har det veldig bra i Volda, og kollektivlivet har gjeve dagleglivet ein heilt ny dimensjon. Det er kjekt å vere heime, noko som fører til at det er lett å få opp humøret etter eit par timar med kommuneprat på skulen. Vidare har eg planar om å byrje å stå meir på ski til vinteren, noko som er ein direkte konsekvens av at dei tre eg bur med er supergira på nettopp ski. Kvitfargen på fjella fristar. Men om det blir toppturar allereie denne vinteren er eg usikker på. Men sesongkort på Bondalseidet kan fort bli eit faktum.

Livet er altså bra. Trass i kommunefag. No manglar det berre at Watford byrjar å vinne fotballkampar.

 

Dagen derpå

Rart med dagar som kjem etter innhaldsrike dagar. Dagen i går var nettopp ein slik innhaldsrik dag, og dermed har dagen i dag våre ein rar dag. Antiklimaks er vel eigentleg eit passande ord. I går var det både eksamen i journalistikk, tunge-ting-flytting med Øyvind og eksamens-/sommaravslutningsfest. Det skjedde mykje, og førte til at dagen i dag har enda opp som ein veldig rar dag. Les resten av denne sida »

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.