Ny veke, nye bilete
Denne gongen er temaet Birmingham. Eg veit at det aldri blei ein artikkel frå den turen og det kjem det nok ikkje heller. Bilete skal det likevel kome. I alle fall tre. Hehe.

Her ser de Øyvind rett etter at Wolves har vunne 3-1 over Watford. Flaks. Berre flaks!

I Birmingham var det Starbucks å finne på kvart einaste gatehjørne. Dette var fangsten då eg skulle kjøpe cappuccino til meg og americano til Øyvind. Det var nærast flaut å kome attende med ein så stor kopp til meg og ein så liten ein til Øyvind, men godt var det i alle fall. Eg trur vi sat på denne kaffibaren nesten heile søndagen. Deilig, etter ein lang laurdag med fotballkamp og pianokonsert.

Ein heil dag på Radisson SAS-hotellet på Stansted (utan å leige rom, eh…) kan vere veldig keisamt. Då blir slike bilete som dette teke, liggjande på sofaen. Det blei jo faktisk litt kult.
Jepp. Det var alt for no. Kjem attende med meir!