www.vitjørsta.no

2009 juni 11
by Geir Egil

I dag fekk eg ein idé medan eg sat på facebook. Kva med å lage ei reklamekampanje retta mot bekjente, som fortel dei at dei bør vurdere å vitje Ørsta i sommar?  Ja. Det er eigentleg ein latterleg tanke, men eg har fundert litt på det og kome fram til at det er verd eit forsøk. Det er jo ikkje vanleg for nordmenn å vitje Sunnmøre (utanom Geirangerfjorden og Ålesund kanskje). Vi har nok av tyskarar og og folk frå Polen (alt for å unngå å skrive polakkar, det er jo ikkje lov lenger), men få nordmenn. Og av dei få nordmennene som faktisk kjem, så er eit stort mindretal av dei folk vi, eller i alle fall eg, kjenner. Løysninga er www.vitjørsta.no. Og no er frøet planta!

Det er likevel ikkje slik at eg har starta opp ei ny internettside eller noko i den sjangeren. Eg har ikkje kjøpt domenet www.vitjørsta.no heller. Eg har berre merka meg visitnorway.no og liknande sider har gjort stor suksess og då tenkte eg at eg kunne hive meg på bølga. Eg veit ikkje korleis denne forretningsidéen kjem til å utvikle seg, men ein ting er sikkert. Eg har planar om å få folk til Ørsta, anten dei vil det eller ei! Hehe! Kanskje er eg ein smule einsam her eg sit, men det gjev meg berre større pågangsmot! No skal verda endeleg få høyre om Ørsta! I alle fall den verda som eg kjenner, eller i alle fall dei få i verda som eg veit om! Det blir bra, det blir stas og det blir sikkert ein total fiasko! Eg gler meg!

3 kommentarar leave one →
  1. 2009 juni 11
    Jostein Grimstad permalink

    Fine plakatar.. Men kvar har det blitt av regnveret som (ein sjeldan gong) brukar å stanse opp mellom fjella?

  2. 2009 juni 11

    Hysj! Det er litt hemmeleg no i startfasen. Først må folk bli overbeviste om at dei er nøydde til å kome, og så kan dei få vite at det også kan vere keisamt vêr ein gong i blant.

Tilbakesporingar & Tilbakeping

  1. Festspela « Vevlogg

Legg att eit svar

Note: You can use basic XHTML in your comments. Your email address will never be published.

Subscribe to this comment feed via RSS