Ut av dvala og inn i journalisten si verd
No er det to månader sidan eg byrja på journalistikk ved Høgskulen i Volda, og eg innser at studentlivet ikkje er heilt det eg hadde forventa. Eg må, naivt som det er, innrømme at eg hadde forventa at det skulle vere litt meir som vidaregåande. Dette trass i at eg har lest side opp og side ned om “ansvar for eiga læring”, og fått vite at pensum ikkje lenger er éi bok i kvart fag, men 10. Det tok nemleg tre veker før eg forstod at det kanskje var ein idé å byrje å lese pensum. På grunn av dette heng eg fortsatt godt etter, men eg har byrja å forstå at det er mogleg å “henge med” også utan å henge med i pensm. Eg er nøgd.
For tida er det innleveringar som står i sentrum. Vi har hatt førelesingar om innsynsretten vi har og har i oppgåve å gå på journaljakt i offentlege departement etter dokument som kan ha nyhendeinteresse. Dette var vanskelegare enn forventa, men det er kjekt å finne ut av alt ein faktisk har rett til når det gjeld innsyn. Det skal og må nok utnyttast om eg får arbeid ein gong.
Elles er det radio det går i. Eg har hatt mi første radiosending, og det gjekk greit. Fekk kjeft for å profilere namnet på programmet alt for mange gongar. Eller som læraren sa: “Eg blei nærast kvalm av å høyre Radiogeir om og om igjen”. Men eg seier som bror Øyvind sa det. Det heiter merkevarebygging, eller branding som britane ville ha sagt det. Og det var jo berre første gong. Eg gler meg veldig til neste, for radio var kjekt! Veldig kjekt.
No får eg avslutte. Kan jo ikkje ta heilt av i comebacket heller. Og ingen lovnader om kva som kan kome. Det ender jo ALLTID med at eg ikkje held ord. Vi skrivast folkens. Og unnskyld for alt! Hehe..
Skriv blogg når du sjølv har lyst, du.
Har Radiogeir nett-tilbod?