Fotballsyting
Det tek på å ikkje heie på eit lag i Premier League. I alle fall for ein såpass fotballinteressert kar som meg. Det er ikkje ofte Watford blir nemnt i media, og forrige kamp eg såg var nok Wolverhamptonkampen i februar med Øyvind på tur til England. Dei blir ikkje vist på TV, men eg får heldigvis med meg det som skjer ved hjelp av internett og i all hovudsak BBC. Poenget med dette innlegget var eigentleg berre å få klage litt. Klage over at det ikkje finnast ein norsk supporterklubb og for at det går litt dårleg med Watford for tida. Eit heldig uavgjort mot botnlaget Ipswich på tysdager ikkje til å skryte av akkurat. Fredag kveld er det heimekamp mot Sheffield Wednesday, og alle fingrar er kryssa for siger. Vi har ikkje akkurat imponert på heimebane så langt i sesongen. Ein siger på seks forsøk er vel det næraste ein kjem veldig dårlig. Einaste lyspunkt er at Reading gjer det mykje dårlegare enn oss. Sju poeng bak for laget som stjal både trenar og ving i sommar. Det har verkeleg blitt det nye hatlaget mitt, ved sida av Luton så klart.
Det var dagens fotballsyting. Det var deilig å få det ut av systemet. Det må bli litt meir fotball her på bloggen. Kanskje eit kurs i korleis å bli Watfordsupportar hadde vore tingen? Hmm. Kan jo ende opp med oppstart av norsk supporterklubb det. Hehe! Har jo faktisk laga blogg til laget, men den er ikkje heilt oppe og går enda. Jepp. Det var alt for i dag. God natt!
Dårlig med Feyenoord i media også.