Dagen derpå
Rart med dagar som kjem etter innhaldsrike dagar. Dagen i går var nettopp ein slik innhaldsrik dag, og dermed har dagen i dag våre ein rar dag. Antiklimaks er vel eigentleg eit passande ord. I går var det både eksamen i journalistikk, tunge-ting-flytting med Øyvind og eksamens-/sommaravslutningsfest. Det skjedde mykje, og førte til at dagen i dag har enda opp som ein veldig rar dag.
Det byrja med at eg sovna i senga fullt påkledd, med lys i taket, internettet oppe, radioen på og tannkosten ståande ubrukt i koppen sin på badet. Kjipt. Det heile fortsatte med oppvakning i sjutida, til NRK Møre og Romsdal frå radioen, med brillene liggjande ved sida av meg, datamaskina inn til veggen utan batteri og med like mange klede og lys på. Etter ein kjapp tannpuss, og ein del avkledning og avskruingar, fekk eg likevel eit par timars søvn til.
Neste oppvakning skjedde gjennom ein telefon frå barnehagen. Eg fekk tilbod om 70%s stilling i sommar, og takka ja på staden. Deretter følgde ein heil haug med organisering frå senga. Straumrekningsbetaling, utflyttingsplanlegging og pakkeplanleggjing. Klokka ett fekk eg endeleg stått opp, men i det eg skulle til å ete mat innsåg eg at eg mangla melk. Turen gjekk difor til Bunnpris i strålande sommarvêr. Det første eg åt blei difor, naturleg nok, ein is på veg heim.
Men i staden for å ete kjapt og byrje pakkinga, enda eg opp med å unne meg sjølv eit par timars Football Manager-speling. Det gjorde godt for hovudet. Så følgde eit lite forsøk på pakking, men det varte ikkje lenge. Det var nemleg noko anna eg kom på at eg hadde utsett til etter eksamen. House. Difor enda eg opp med å sjå fire episoder med House i strekk.
Og no sit eg her, med dataen på fanget og bloggen framføre meg. Radioen står på, og eg har planar om spele litt meir FM før eg går til sengs. Det har vore ein særs lite fruktbar dag, men det har vore godt likevel. Godt og rart. To klesvaskar, ein sommarjobb, ei betalt rekning, litt mathandling og litt for mange timar i selskap med mac-en. Det kan vel nærast ikkje kallast ein dag. Kanskje er det nettopp difor at det heiter dagen derpå? Rare dagar. Antiklimaksdagar. Dagar ein ikkje kjem til å hugse, men som ein likevel kan ha nytte av. Eg har i alle fall innsett at det er sommarferie. Og det er rart deilig.
Innhaldsrik dag! Likte særleg dei fire House-episodene på rad. Gjekk det bra med eksamen forresten?
1 juni, 2010 ved 17:50