Kommunefag
Mange månader har gått sidan eg sist satt med bloggen framføre meg. Eg hadde nettopp gjennomført den siste eksamenen i journalistikk, og det var klart for sommarferie. Eit halvt år seinare nærmar nye eksamenar seg. Snøen malar fjelltoppane kvite, og eg byrjar å innsjå at samfunnsvitenskap ikkje heilt er mitt fag. Eller det vil seie: Samfunnsvitskap slik Høgskulen i Volda definerer det, er ikkje heilt mitt fag. Eg visste rett nok at årstudium samfunnsvitskap og førsteåret ved bachelorstudiumet i planlegging og administrasjon var det same, men at både sosiologi og samfunnsgeografi skulle ende opp som reine kommunefag hadde eg ikkje venta.
Det har rett og slett gått så langt at eg byrjar å tvile på om eg eigentleg har nytte av dette året. Blir eg ein betre journalist av å lære alt det er mogleg å lære om kommunar og planlegging? Planen var å få opp det generelle samfunnsforståingsnivået mitt, men det å kunne skrive eit notat til kommunestyret for å få dei til å forstå at det er smart å drive med planlegging, er ikkje heilt det eg var ute etter å lære. Dette er sjølvsagt ikkje meint som eit stikk mot det å bli superflinke kommuneplanleggjarar. Det er berre ikkje heilt det eg hadde planar om å bruke året mitt på.
No skal eg likevel ikkje svartmale heile situasjonen. Eg har det veldig bra i Volda, og kollektivlivet har gjeve dagleglivet ein heilt ny dimensjon. Det er kjekt å vere heime, noko som fører til at det er lett å få opp humøret etter eit par timar med kommuneprat på skulen. Vidare har eg planar om å byrje å stå meir på ski til vinteren, noko som er ein direkte konsekvens av at dei tre eg bur med er supergira på nettopp ski. Kvitfargen på fjella fristar. Men om det blir toppturar allereie denne vinteren er eg usikker på. Men sesongkort på Bondalseidet kan fort bli eit faktum.
Livet er altså bra. Trass i kommunefag. No manglar det berre at Watford byrjar å vinne fotballkampar.
JA! SKI!
5 november, 2010 ved 14:54
Morosamt at UG-bilete kjem fram når eg skriv kommentarar.. Rart.
5 november, 2010 ved 14:55