Ineffektivitetens effektivitet

Kvifor skal det vere så fullstendig umogleg å gjere det ein veit at ein burde gjere? Dagane, vekene og månadane rullar forbi, og her sit eg og er omtrent like langt unna fullføring av oppgåva mi som eg var i januar. Januar. Det er tre månader sidan det no. Seks veker med fri, få førelesingar og ein påskeferie har hoppa sin veg. Og det utan at eg har hoppa med. Det er så vidt eg i det heile har røyst meg opp frå sofaen.

No er det under ein månad att til innlevering. Og i løpet av den perioda skal to andre oppgåver også skrivast. Dei seks tusen orda om kolonitid i Afrika kan fort bli eit mareritt for min del. Word kjem til å bli ein slags koloniherre, og eg kjem til å vere slaven. Ein situasjon eg sjølv har det heile og fulle ansvar for å ha hamna i. Det er som om eg er min eigen koloniherre. Ein sær, men sannsynlegvis heilt vanleg situasjon for veldig mange.

Men så er det denne ineffektiviteten. Dess nærare fristar kjem, dess meir liknar ineffktiviteten på konkurrenten sin, nemleg effektiviteten. Det er som om hovudet med eitt klarer meir, som om viljestyrken plutseleg får ny inspirasjon. Det som lenge har vore ein kald og trist vinter blir plutseleg ein varm og solrik vår. Den lange, bekmørke tunellen har plutseleg ei tynn stripe med lys i enden. Og sjølv om ingenting ser ut til å gå vegen for augneblinken, kan ein i det minste håpe på at det går bra også denne gongen.

Det er nok ikkje eit veldig godt teikn at det heller blei ein bloggpost med 400 ord i dag, og ikkje 400 ord om Ghana, Elfenbeinskysten og Liberia, men det er i det minste eit steg på vegen. Det er som om eg tek sats. Hovudet må jo byrje med å produsere eit eller anna, før det igjen kan fungere som ein god og effektiv fabrikk. Eg ser på dette innlegget som førsteutgåva av ein ny hoppesko. Ein hoppesko som nok har sine feil og manglar, men som med tid og stunder skal bli god nok til at eg kjem meg over hinderet eg må forsere for å fullføre studiet mitt. Når fristen kjem skal eg i alle fall ta sats. Så får vi sjå kor høgt eg kjem.

Ha ein god vår, og gi effektiviteten dei skoa den fortener.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Log Out / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Log Out / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.