Diktaren

Dette er staden der alt skal skje,

ja her kan du skrive og moglegens le?

På denne sida er det du som er helten,

her er det du som skal ut i felten!

Like her under er staden gjort ferdig,

berre skriv i veg, men hugs skriv merkverdig!

Her er det berre dikt som er lovleg,

kjem noko anna skal eg love deg sår(på)leg(g)!

Då er tida inne for å finne skrivekunsten,

la meg no få kjenne på, akkurat den dunsten!!

pen.jpg
Bilettekst: Her treng du ikkje å skrive med penn, det einaste du treng er tastatur hjå ein venn.

Kjelder: www.gremarket.estranky.cz

25 kommentarar

  1. Sjølv om det kanskje er litt rart,
    så er det faktisk eg som vart
    den første til å skrive dikt,
    den første til å gjere slikt.
    Du skjønar eg er lei av å vente,
    du må forstå og ha det i mente!
    Den som elskar å skrive lyrikk,
    er rett og slett nødd til å skaffe seg nick(?).
    Sette seg ned framfor tastaturet,
    skrible ned ord og høyre vegguret.
    Eg gjev deg herved stafettpinnepinnen,
    og håper og trur du vil svare vertinnen(eh)!

    8 juli, 2007 ved 0:17

  2. Dårligt med respons,
    det måsste jag seia.
    Va är det jag har gjort,
    föler ni dera sjemst bort?
    Varför är det bara jag,
    som dikt kann skriva så bra som kvad?
    Jag var säcker på at ni av alla,
    kunne skriva mycket bettre enn Valla!
    Nu väntar jag derför,
    på at nya dikt skall komma.
    Viss inte det här skjer,
    må jag skriva så mycket mer!
    – Og det orkar jag inte!

    10 juli, 2007 ved 22:51

  3. Raggsokken

    Mann som sit under eit gamalt pæretre
    Prøver å tenke smarte ting
    Superintelligente ting
    Oppdage noko som ingen hadde oppdaga før
    Gjenta Isaac Newton si store bragd

    Men det går visst ikkje i dag heller
    Kanskje fordi det er eit pæretre og ikkje noko
    Epletre
    Eller kanskje er det ein heilt annan grunn

    Så Mannen legg seg ned under pæretreet
    Gapar opp
    Og
    Håpar

    At ei pære skal treffe kjeften hans

    14 juli, 2007 ved 23:10

  4. The girl next door, i mean a little bit up the ridges

    fiskebollen god og rund, den kostar mindre enn eit pund.

    den er laga av fisk og det ligger i ordet, men akkurat no så ligg den på bordet.

    16 juli, 2007 ved 19:49

  5. The girl next door, i mean a little bit up the ridges

    eg har aldri sett ei så spanande innslag som dette eg skriv no nokon stad før

    - james oakstreet-

    16 juli, 2007 ved 19:54

  6. The girl next door, i mean a little bit up the ridges

    Eg har høyrt om ein kar
    Fin og snar
    Han bur i dei grender
    Der de absolutte hender
    Hans navn er James Oakstreet
    Han seiast å vere veldig neat
    Ja ta deg ein tur dit

    17 juli, 2007 ved 23:47

  7. James Oakstreet sitataren

    Han James, han James,
    han er ein kar,
    og han er god i games.
    Ein dag i mai,
    så gjekk han tur
    for så og ta seg ein lur.

    - James Oakstreet, om seg sjølv

    18 juli, 2007 ved 0:43

  8. The girl next door, i mean a little bit up the ridges

    Ein snorkel går over gata, den ser seg til sidene.
    Ein vassdråpe kjem sildrande ned den slake bakken.
    Skyene kjem.
    Snorkelen søkjer dekning.
    Men vent, er ikkje han beregna på vass aktivitetar?
    Jau.
    Snorkelen leikar i det yrande regnet i vinden av dykkerbrille.

    19 juli, 2007 ved 21:49

  9. Geii Eggill

    Ei natt den har tre kantar,
    tre kantar har ei natt.
    Først er den ganske grååå,
    så blir den svart, så lys.

    Med tone av gamal og flott tysk folkevise ved namn: Mein Hut das hat drei Ecken.

    29 juli, 2007 ved 0:36

  10. Han som har skrive dette

    I believe I can fly
    I believe I can touch the sky

    I believe I can die
    I believe I can eat my pie

    I believe I can lie
    I believe I can wear my tie

    I believe I can why?
    I believe I can drink my Chai

    I believe I can fry
    I believe I can say goodbye

    I believe I can sigh
    I believe I can be a bit shy

    I believe I can buy
    I believe I can rai rai rai

    31 juli, 2007 ved 22:00

  11. Heidi sier:
    heil samtale på rim
    Synnøve sier:
    fordi du er så fin
    Heidi sier:
    både med og utan lin
    Synnøve sier:
    men det kan ikkje rime alltid da
    Heidi sier:
    nei
    Heidi sier:
    det er sant
    Heidi sier:
    for då over det rant
    Heidi sier:
    av rime-ord
    Synnøve sier:
    på det runde bord
    Synnøve sier:
    og det er ikkje bra i det heile
    Synnøve sier:
    då er det bedre å seile
    Synnøve sier:
    på det blåe hav
    Synnøve sier:
    utan å bære nag
    Synnøve sier:
    for dersom du ber nag,
    Synnøve sier:
    vert du kanskje stilt for retten i haag

    3 august, 2007 ved 22:47

  12. Diktaren

    DIKTAREN KJEM!
    No skulle det altså likevel skje,
    at diktaren går opp over vår bre.
    Han kjem der med stokken og peikar på oss,
    skal trur kva han vil, han vil vel’kje sloss?
    Der diktaren går, der blir allting fagert,
    det er nest som om, han fjernar alt labert.
    Eg veit at det fins dei som ikkje bêr slikt,
    men det skal han ha, han behandlar oss likt.
    No har han kome, ja han står utfor døra,
    det bankar jo på, skal vi ta fram skjærefjøla?
    Nei, det er ikkje vits å prøve på motstand,
    diktarar skriv, og kan hive oss i kvikksand.
    Der er berre ein ting som er verdt å prøve,
    opne opp døra, og site lutter øre.
    No lurer du sikkert på korleis det går,
    og for å seie det enkelt, du kjem til å få sår.
    Diktaren var det som skreiv dette her,
    historia er sann, ja han kjem i stygt vêr.
    Så neste gong det regnar, hugs på dette ord:
    Pass på, lat opp døra, og ver snill med ho mor!

    4 august, 2007 ved 13:19

  13. Hmm

    I dag vil eg dikte.
    I dag vil eg stå.
    I dag vil eg sikte.
    I dag vil eg gå.

    Kva skal eg gjere i morgon?

    Eg veit ikkje.

    8 august, 2007 ved 22:57

  14. Lenge sidan sist eit dikt blei proklamert.
    Er det fordi denne sida er utdatert?
    Eg håper verkeleg ikkje at det er saka,
    då veit eg nemleg ikkje kva som skjer med haka.
    Kanskje dett ho ned som i eit hakeslepp,
    eller kanskje blir ho som Johnny Depp?
    Uansett utfall er ein ting klart.
    Dette dikt er ferdig og blei ikkje rart.

    5 september, 2007 ved 22:29

  15. No er eg lei.
    Ingen skriv dikt.
    Ver no litt grei.
    Før du får gikt.

    Det er på tide.
    Eg sit jo klar.
    La meg ei lide.
    Eg blir heilt rar.

    Dikt i ein fei.
    La sveitta renne.
    Finn ein ny vei.
    La fingrane brenne!

    Vegen er open.
    Skriv med glede.
    Dette er dåpen.
    Du er rede.

    13 september, 2007 ved 17:51

  16. DU OG JEG OG VI, I HARMONI
    Jeg er så ensom her jeg sitter,
    alene på rommet, som alltid.
    Jeg er alltid alene, alltid problemer, alene.
    Og hvor er du?

    Dine smil er som sminke,
    som skjuler vår felles skjebne.
    En maske.
    Ditt mål er å virke glad.

    Men bak fasaden skjuler det seg en hemmelighet.
    En hemmelighet bare jeg vet om.
    Du tør ikke innse at vi er like.
    Som to ensomme ulver i en endeløs skog av rotløshet.

    Me. Endeleg har me funne kvarandre.
    Eg er ikkje lenger einsam.

    Vi to. I vakker harmoni.

    Stopp!

    Mellommenneskelighet. For noe viss vass.
    Klisjéene masseproduseres, men til hvilken pris?
    Hvorfor kan vi ikke få en pause fra dette samholdshysteriet?
    Det forventes at vi alltid skal vandre i flokk,
    men hvem er det som har sagt at mennesker er flokkdyr?

    Gi meg en pause!

    Du skal ikke tro du er noe.

    15 september, 2007 ved 19:46

  17. Else-Gulla

    se han sover med pels på
    hodet hans bøyd til siden
    og hesten sover
    snart er det blått i
    skogene et sted

    23 september, 2007 ved 21:45

  18. no e hausten blitt kald
    bladane raude
    og himmelen frosen

    kaldare har det knapt vore
    i manns minne

    eller døgnflogens

    10 oktober, 2007 ved 16:06

  19. Else-Gulla

    kaffe
    før jeg
    vil ha engang
    får jeg sikkert lyst på
    kaffe

    10 oktober, 2007 ved 19:17

  20. Hadde reint gløymt at eg hadde denne sida.
    Det kjennest som om eg for lengst har gløymt tida.
    Det var jo rett her at alt skulle skje.
    Det var her vi skulle smile, og moglegens le.

    Stille har det vore, i alt for lang tid.
    No er det på tide å gjere deg blid.
    Finn fram tastaturet, slå deg ned og lat opp
    døra til fantasien, med handa rundt ein varm kaffikopp.

    23 januar, 2008 ved 17:34

  21. Ord-smeden

    Et dikt jeg slenger inn sent på natt,
    før jeg så må ta bena fatt.
    Og gå den lille, dog nødvendige biten,
    inn til senga, da jeg er trøtt og sliten.
    Så dere en god natt søvn ønskes fra en venn,
    Og hvem vet? Kanskje jeg et dikt her skriver igjen.

    4 februar, 2008 ved 3:32

  22. Ferie, det er godt det.
    Med hovudet på sofaen og handa rundt ein kopp med te.
    Det regnar ute, men inne er det fint.
    Onkelungar rundt omkring og snøen ute, den har tint.
    Ferie, det er godt det.

    19 februar, 2008 ved 12:53

  23. MOHAHAHA! Eg tok koppen den dagen…

    8 april, 2008 ved 10:04

  24. Sumaren er komen.
    Kvifor det?
    Kva er det som får sumaren til å kome?
    Kvar har han reist i frå?
    Kor lenge blir han?
    Kvar tek han vegen når han skal av stad igjen?

    Det har noko med Sola og Jorda å gjere seier du.
    Likevel snakkar vi om sumaren som om han er ein person.
    Han er jo ulik frå år til år.
    Aldri like lang eller kort.
    Varm eller kald.
    Sumaren er rar og den er her.
    Det er det einaste eg kan seie om saka.

    5 juni, 2008 ved 17:25

  25. No er det jammen meg på tide,
    at du gjennom dårlege dikt deg må lide.

    Med storslått comback er diktsida attende,
    kanskje leder den deg gjennom utrygt lende?

    Nei, denne sida er berre god,
    prøv den ut og finn fred og ro.

    Ja, skriv eit dikt og føl deg fri.
    No er det på tide, på tide å gi.

    Dette er starten på noko nytt,
    du skal aldri meir føle deg snytt.

    Med Diktaren kan du vere glad som få.
    Skriv ned nokre ord og du vil ut til verda nå.

    Det var alt for denne gong,
    men eg håper du svarar og forfattar ein song!

    16 juni, 2009 ved 23:59

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.