Soga
EIKSUNDINGESOGA
Soga om Geir Egil Olavsson kan ikkje samanliknast med dei vanlege islendingesogene. Han har aldri flytta til Island, noko som gjerne er ein sentral del i dei vanlege islendingesogene. Han har heller aldri vore utsatt for/vore med på nokon som helst slags form for blodhemn, noko som også er vanleg i dei gamle sogene. Han har heller aldri delteke i Holmgang (ikkje TV2-programmet altså, berre den forma for kamp mellom to som var ueinige, der kampen heldt på til den eine var død). Nei, eigentleg er det ingenting som tilseier at det livet Geir Egil har levd, skulle hatt plass i noko som helst slags form for bok, og aller minst i ei islendingesoge.
Denne soga er derimot prega av hendingar som på sett og vis er så pass interessante at dei i alle fall kan nemnast på bloggen til hovudpersonen. Det heile starta den 21. juni 1988. På eit sjukehus i Volda kommune. Geir Egil, son av Olav Joakim Gudmundsson og Ruth Mary Eliasdotter, kom til verda som minstemann og attpåklatt (apekatt?) i ein søskenflokk på 12. Dei første dagane skulle vise seg å vere meir innhaldsrike enn kva normale spebarn opplever. Han blei fødd inn i ei verd der blitzregnet skulle vise seg å vere sentralt. Kanskje var det difor ikkje så rart at Geir Egil, son av Olav Joakim Gudmundsson, måtte ligge i rugekasse dei første dagane. Han hadde gulsott og måtte difor starte livet i ei kuvøse.

Han kom seg likevel raskt på ryggen att og hadde han ikkje før fått av seg gulfargen, så brasa det inn ein heil haug med journalistar. Både Se og Hør (på norsk og på tysk!!!?) og Hjemmet var på plass for å dekke denne store fødselen. Det var kanskje ikkje berre på grunn av Geir Egil at journalistane dukka opp. Det at mora var nærare 50 år og hadde 11 ungar frå før, var kanskje ei like stor motivasjonskjelde for dei hungrige skrivnelystne.
Etter to år skjedde den neste store hendinga i livet til Geir Egil, son av Olav Joakim Gudmundsson. Som toåring kunne han ikle seg tittelen onkel. Og onkelrolla har sidan denne septemberdagen, hatt mykje å seie i livet til hovudpersonen. I dag har han ikkje mindre enn 21 onkelungar, noko han trivast særs godt med.

No er det på tide å gjere nokre byks i soga om Geir Egil, son av Olav Joakim Gudmundsson. Han gjekk i to forskjellige barnehagar (Hovdebygda barnehage og Barnas Vel barnehage), gjekk 6 år på Lystad barneskule og sidan 3 år på Ørsta Ungdomsskule. Den vidaregåande utdanninga si fekk han på Volda vgs. Der gjekk han på den einaste linja som eigentleg tel: allmenfag!

Som fritidssyslar kan ein nemne nær sagt alt av aktivitetar ein kunne finne på Ørsta Frikyrkje gjennom barne- og ungdomstida til vår kjære hovudperson. Han gjekk i speidaren kvar tysdag, i barnekor og sidan i ungdomskor. Og var med i styret i Ungdomsgruppa. Utanfor The White House, gjekk tida for det meste med til cellospeling. Mot slutten gjekk cellospelinga over til å bli cellolæring, etter at han etter kvart tok over jobben til læraren sin på Ørsta Kulturskule. Han har óg vore med i alle orkestra ein kan finne i nærområdet. Og medan han gjekk på Volda vgs., var han med i Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda.

Geir Egil, son av Olav Joakim Gudmundsson, har aldri hatt kjæraste. På grunn av dette er det særs lite å fortelje om på denne fronten, men ei form for kjærleik har alltid symd rundt i hjartet til hovudpersonen. Hugnaden til fotball! Frå tidleg av var det Chelsea som var fotballklubben over alt her på jord. Etterkvart blei denne klubben oppkjøpt av ein russar og interessa for klubben falma etterkvart bort. Til meir suksess klubben fekk ved hjelp av pengar, til mindre artig var det når klubben vann. Geir Egil, son av O.J.G. måtte tenke nytt. Og etter litt leiting, fann han ein klubb i divisjonen under den Chelsea spela i. Han fann gamleklubben til Sir Elton John. Watford skulle no fylle tomrommet i hjartet til Mr. Olavsson. Og sidan den desemberdagen i 2005, har han hatt hjarte (4h!) kun for klubben med elgen i emblémet.

No er det eigentleg ikkje så mykje meir å seie om guten frå Palmekysten. Han elskar rollerblades (til ei viss grad), var litt god på fingerstrikking, køyrde Daihatsu Charmant, har vore blomsterbud, er postmann og barnehageassistentvikar, gått to år på Fredtun folkehøgskule, har Gregory House som førebilete, har nett byrja på journalistikkstudiet ved Høgskulen i Volda, har ein hemmeleg draum om å bli programleiar i barne-tv, ønsker seg kjærast ein eller anna gong, er lei av mygg, elskar kortspela Bridge og Bohnanza og brettspela Risk, Settlers, Det store norske kunnskapsspelet og andespelet, er altfor hekta på dataspelet Football Manager og er litt for god til å rote bort ting. Elles er Geir Egil Olavsson Eiksundsambandet aller mest glad i å blogge, sjølv om dette nok kan diskuterast.
Dette var soga om Geir Egil Olavsson, slik den ser ut akkurat no.
Med førehald om trykkfeil, så langt lageret rekk.

