Bileta frå Aalesundkampen

2009 juni 17
av Geir Egil

No er dei endeleg klare. Og her kjem ei lita biletreportasje frå Color Line Stadion.

Jarn i elden

2009 juni 16
av Geir Egil

Det gjeld å ha mange jarn i elden, og akkurat det prøver eg på for tida. Med vitjørsta.no-prosjektet godt planta i jorda har eg no lansert pianisten Geir Egil Eiksund på myspace. CD-en har kome, i eit veldig begrensa opplag vel og merke, og no har songane blitt lagt ut på nettet. Der kan du laste dei ned om du vil og det vil eg at du skal ville! Difor kjem lenkja til myspace-side mi her, så kan du få lov til å trykkje på den og prøvehøyre litt! Hehe! Det er musikk på eit veldig lavt nivå, men eg håper du kan få glede av pianosongane mine likevel! Om du ønskjer å få tak i plata, er det berre å ta kontakt! Hehe! Her kjem i alle høve lenkja! http://www.myspace.com/eiksund

åå-åå-Aalesund

2009 juni 15
av Geir Egil

I dag var Synnøve, Heidi og eg på Aalesundkamp. Det var ei framifrå moro oppleving, særskilt med tanke på utkledninga vår. Vi hadde nemleg laga kvar si, veldig forenkla, Vikingdrakt. Vi var med andre ord på Aalesundkamp på Color Line Stadion og heia på bortelaget. Grunnen til at dette blei ei framifrå moro oppleving er sjølvsagt det faktum at Viking vann 1-0 og 10 001 tilskodarar (minus oss tre og eit 20-tals Vikingsupporterar då sjølvsagt) gjekk slukøra heim. Vi hadde det fint og fotballkamp skal absolutt gjentakast! Bilete kjem, men no er det natt. I morgon blir det barnehagejobbing! Fabelaktig! Det kjem også meir Ørstareklame etterkvart. La det vere sagt! Hehe! Snakkast!

Ei av mange

2009 juni 12
av Geir Egil

Eg har leita litt rundt og funne ut at det finst mange sider om Ørsta. Dei er fulle av informasjon om alt frå fjell til kulturtilbod. Eg har ingen planar om å vere dårlegare. Difor skal det etterkvart kome ei alternativ liste over ting som kan vere kjekt å vite om Ørsta før ein kjem på vitjing. Litt sånn 1000 ting du ikkje må vite om Ørsta før du reiser dit-aktig. Det skal bli bra. Må berre klekke ut egget med planen i først. Hehe! Dette skal bli moro. Lenge sidan eg sist var så gira for noko så teit!

Eg må forresten også kome med ei oppmodning til folk som kan tenkast å ha idéar til utviklinga av prosjektet www.vitjørsta.no, om å ta kontakt. Staben er hittil veldig, veldig liten. Så viss du er interessert i å vere med å folk til bygda, er det berre å rope ut! Hehe!

Og hugs:

ØRSTA – fordi eg vil ha deg hit!

Raudøya og Liadal

2009 juni 12
av Geir Egil

Det er jo eigentleg sjølvsagt. Raudøya må vere med om ein skal profilere Ørsta som ei bygd det er verd å vitje. Og kjem DU til Ørsta, skal DU få vere med ut dit. Det blir fint. Hehe! Liadalsnipa ser ein jo frå Raudøya og då må jo den også, sjølvsagt, vere med! Hehe. Sjølv om vêret ikkje akkurat er like fint på det biletet. Likevel tykkjer eg at det er viktig og også få vist fram korleis det ser ut på dagar då Sola ikkje er hovudperson. Akkurat det er jo ganske vanleg. Eh…

Reklameplakatar er ein viktig del

2009 juni 11
av Geir Egil

Her kjem eit par eksempel på reklameplakatar som skal vere med i marknadsføringa av Ørsta som feriebygd. Det ber nok litt preg av hastverksarbeid, men poenget kjem jo fram…

www.vitjørsta.no

2009 juni 11
av Geir Egil

I dag fekk eg ein idé medan eg sat på facebook. Kva med å lage ei reklamekampanje retta mot bekjente, som fortel dei at dei bør vurdere å vitje Ørsta i sommar?  Ja. Det er eigentleg ein latterleg tanke, men eg har fundert litt på det og kome fram til at det er verd eit forsøk. Det er jo ikkje vanleg for nordmenn å vitje Sunnmøre (utanom Geirangerfjorden og Ålesund kanskje). Vi har nok av tyskarar og og folk frå Polen (alt for å unngå å skrive polakkar, det er jo ikkje lov lenger), men få nordmenn. Og av dei få nordmennene som faktisk kjem, så er eit stort mindretal av dei folk vi, eller i alle fall eg, kjenner. Løysninga er www.vitjørsta.no. Og no er frøet planta!

read more…

Ny veke, nye bilete

2009 mai 26
av Geir Egil

Denne gongen er temaet Birmingham. Eg veit at det aldri blei ein artikkel frå den turen og det kjem det nok ikkje heller. Bilete skal det likevel kome. I alle fall tre. Hehe.

oyvind2

Her ser de Øyvind rett etter at Wolves har vunne 3-1 over Watford. Flaks. Berre flaks! read more…